tirsdag, august 22, 2006

Det ser ikkje så bra ut...

Kinoen ligg framleis i respirator, og dei pårørande driv no og vurderer om respiratoren skal slåast av.

mandag, juni 19, 2006

Hemsedal kino er ikkje død

- men ligg i respirator. Og det er uvisst om det blir kino etter sommarferien. Følg med, følg med.

søndag, mai 28, 2006

SUNDAG 18. JUNI KL. 19.30

DA VINCI-KODEN

Type: Spenning/drama
Nasjonalitet: Amerikansk
Med: Tom Hanks, Audrey Tautou, m.fl.
Tid: 2 t 28 min
Sensur: 15 år

Den berømte symbolforskaren professor Robert Langdon (Tom Hanks) vert innkalla til museet Louvre i Paris fordi ein kurator er myrda, og ein har funne mystiske symbol og leietrådar. Med sitt eige liv som innsats avdekker Langdon, ein serie hemmelege spor som ligg gøymt i arbeida til Leonardo da Vinci. Alle peiker i retning av eit mystisk brorskap som vaktar ein eldgamal løyndom - den har vore bevart i 2000 år.

SUNDAG 4. JUNI KL. 19.30

MISSION IMPOSSIBLE 3

Type: Action
Nasjonalitet: Amerikansk
Med: Tom Cruise, Philip S. Hoffman,
Ving Rhames, Laurence Fishburne,
Billy Crudup, Michelle Monaghan m.fl.
Tid: 2 t 6 min
Sensur: 15 år

Tom Cruise på ny i rolla som Ethan Hunt, hemmeleg agent for IMF-Impossible Mission Force.Ethan Hunt er ikkje lenger i aktiv teneste, men fungerer som mentor og trenar for komande agentar.Endeleg kan han dyrke eit tilnærma normalt liv, og han tenkjer på å gifte seg med sin store kjærleik Julia (Michelle Monaghan).Men så vert agent Hunt kalla attende i teneste og sett opp mot den tøffaste motstandaren nokon gong, Owen Davian (Philip Seymour Hoffman), ein samvitslaus våpensmuglar med verda som sitt virkefelt.

torsdag, mai 04, 2006

SUNDAG 21. MAI KL. 19.30

LANGE, FLATE BALLÆR

Type: Komedie
Nasjonalitet: Norsk
Tid: 1 t 40 min
Sensur: 11 år


Norsk komedie om seks karar som jobbar saman på verkstaden EdGarasjen. Verkstaden er truga av konkurs, og karane kan misse jobbane sine. Dei gjer det heilt naturlege – tek med seg det som er att i kassa og brukar det på ein skikkeleg gutetur til fotball-VM i Tyskland! Utan damer.

onsdag, april 19, 2006

SUNDAG 30. APRIL KL. 17.30

ISTID 2

Type: Animasjon
Sensur: 7 år

Norsk tale


LES MEIR OM FILMEN HER

fredag, april 14, 2006

SUNDAG 16. APRIL - 1. PÅSKEDAG - KL. 19.30

GYMNASLÆRER PEDERSEN

Type: Drama
Med: Kristoffer Joner, Ane Dahl Torp, m.fl.
Tid: 2 t 3 min
Sensur: 11 år


"Ei humoristisk historie om ei alvorleg rørsle", lovar førehandsomtalen av Gymnaslærer Pedersen.
Lektor Pedersen (Kristoffer Joner), som lever tradisjonelt og greit i Larvik sist på 60-talet, kjem gjennom yrket i kontakt med radikale krefter. Desse pirrar Pedersen. Det same gjer den glødande kommunisten Nina Skåtøy (Ane Dahl Torp).
Dette kan umogleg gå bra, og gjer det ikkje heller.

mandag, april 03, 2006

SUNDAG 09. APRIL KL. 17.30

OLSENBANDEN JR. PÅ SIRKUS

Regi: Arne Lindtner Næss
Type: Familiefilm
Nasjonalitet: Norsk
Tid: 1 t. 32 min.
Sensur: Tillatt for alle

Egon Olsen sit i husarrest på barneheimen etter ein ikkje heilt vellukka, westerninspirert aksjon. I kjend stil pønskar han på nye kupp. Den nye planen går ut på å sabotere ein idé barneheims-styraren har, ein djevelsk plan som involverer Biffenbanden og ei farleg bombe i ein raud koffert. Egon treng hjelp av Kjell, Benny og Dynamitt-Harry. Men når Harry er ukonsentrert, Benny vimsete, Kjell har totalkræsj på Valborg - og ho trugar med å gå på sirkus med Biffen i staden for med Kjell - er det ikkje lett å vera bandeleiar.